header

IMG 0395G.nr. 93 b.nr. 1 i Dovre og g.nr. 160 b.nr. 1 i Lesja.

 

Totalareal på 83,4 km2, av dette 59,6 km2 innanfor verneområde.

 

Det er 159 gardsbruk som har bruksrett i Joramo bygdealmenning. Dei høyrer til bygdelaget som strekkjer seg frå Hjelle i Dovre til Sør-Hole i Lesja.

 

Bruksrettar:

- Rett til trevyrkje
  (35% bruksrettsyting på innkjøpt material til jordbruksmessig behov)

- Rett til beite, eventuelt seter

- Rett til jakt og fangst, unnateke jakt på hjortevilt og bever

 

Ålmenningsstyret har seks medlemer som blir valt på årsmøte annakvart år ( halve styret er på val – funksjonsperiode er fire år). Leiar og nestleiar blir valt av styret.

Ålmenningsstyraren er tilsett av styret og har ansvaret for drifta av skogen, den daglege drifta og er sekretær for styret.

 

Produktivt skogareal: 9 176 da

Balansekvantum/årleg hogstkvantum: 1 280 kbm

 

Setergrender: Grønsetre, Gardsenden, Nysetre og Nordsetre - i alt 35 setre

Tal beitedyr i 2018: 156 storfe og 1.887 søyer og lam

 

Borleigd areal til militære formål, industri/sørvis og bolig: ca 600 da

Borleigd areal til tilleggsjord: 45 da

Tal hyttefeste: 30

 

 

Årleg omsetning i tusen kroner (ca):

Tømmer og ved:   450'
Grus og fjell:         350'
Festeavgift:           340'
Jakt:                       160'
Utleige hus:          620'